30 års jubileum UWC open dag søndag
UWC Røde Kors feirer 30 års jubileum!
Vi gler oss til å feire at det i år er 30 år sidan UWC Røde Kors Nordisk opna dørene for fyrste gong! Sidan den gong har nær 3000 ungdommer frå 152 land hatt Fjaler som sin heim i 2 år!
Helga 27-28.september vert det storfeiring på Haugland, og vi ynskjer å feire saman med lokalbefolkninga som i alle år har tatt varmt imot elevane våre!

Søndag 28.09 - dagtid
Open dag 10.00 -13.30 med ei rekkje ulike aktivitetar for besøkjande.
Er du nysgjerrig på korleis elevane bur på campus? Har du lyst å prøve ulike utandørs aktivitetar leia av UWC elevar, eller besøke bazaren vår der elevane presenterer sine eigne heimland? Og har du lyst å smake den knallgode pizzaen frå Bakehuset vårt? Då er du hjarteleg velkommen til open dag på Haugland 28.09. Dette passer liten og stor, og vi håpar mange har lyst å ta turen til Haugland akkurat denne dagen!
Dagen vert avslutta med flaggparade gjennom student landsbyen, for ein heilt spesiell gjest, ta gjerne med ditt eige flagg!
Restriksjoner
På grunn avavgrensa plasser blir vi veldig glad for ein beksjed om du likevel ikkje kan delta, slik vi kan frigi billetten din til nokon andre.